Kvifor kontroll
Godt korrosjonsvern sparar deg for dyre reparasjonar seinare, og for risiko medan konstruksjonen står i drift. Kontroll er difor ikkje eit papir på slutten, men noko som går føre seg før, under og etter behandlinga.

Kva vi måler, korleis vi dokumenterer det, og kva du sit att med når jobben er levert.
Godt korrosjonsvern sparar deg for dyre reparasjonar seinare, og for risiko medan konstruksjonen står i drift. Kontroll er difor ikkje eit papir på slutten, men noko som går føre seg før, under og etter behandlinga.
Inspeksjon og dokumentasjon vert utført av Frosio-sertifisert personell. Inspektørane våre er Frosio-inspektørar nivå III etter NS 476. Sertifiseringa følgjer personen, ikkje selskapet, og kan kontrollerast hos Frosio.
Kontrollen byggjer på målingar som kan gjentakast av nokon andre med same utstyr. Desse går igjen på så godt som kvar jobb:
Måler vi noko som ligg utanfor spesifikasjonen, seier vi frå om det med ein gong. Det skal ikkje oppdagast i rapporten etterpå.
Vi held oss til dei skrivne standardane i faget, slik at kunde og utførande meiner det same med same ordet:
Blåsing og sprøyting krev friskluft, innbygging og kontroll på støv og overspray. Riggen kjem før arbeidet, og han vert tilpassa staden: ein tank, eit dekk og ein verkstadhall stiller ulike krav til ventilasjon og tilkomst.
Ved overlevering får du ein skriftleg rapport med måleverdiane frå jobben. Han viser kva som faktisk vart gjort, og er det du treng den dagen nokon spør kva systemet på denne flata er.
Ring oss, så går vi gjennom han saman før du sender førespurnaden.
Vi lagrar berre valet ditt her. Kart frå Google vert ikkje lasta før du tillèt det.